Publisert Legg igjen en kommentar

Norsk superhelt forlater Ulsteinvik for å erobre resten av landet.

Ulsteinviks store son, Bjartmann, har i sin generøsitet stigi ned frå si trone av utrydningstrua dyreartknoklar og sett seg på sin bærestol (boren av etniske minoritetar) for å oppsøkje resten av landet.

Bjartmann (38) er ein superhelt som har følgjande karakteristika: Litt sterkare enn normalt. Mykje betre til å brase gjennom murveggar enn normalt. Heilt ok høyrsle. Litt under middels dybdesyn. Sommardrakt, brun, tettsittande, med hundeøyre og hundenase, av robust lateks. Vinterdrakt, same fasong, men strikka av brun ulltråd.

Namnet Bjartmann er truleg eit forsøk på å «cashe inn» på berømmelsen til den tidlegare mest berømte personen frå hans trakter, Kringkastingssjef Bjartmar Gjerde. Men ettersom åra har gått er det no Bjartmann sjølv som er kjend, medan Gjerde har vorte meir eit vagt minne. Artig når sånt skjer. Sånn som då Romerike besto medan Romerriket kollapsa.

Øystein Runde (32) er ein lang og mager person, også frå Ulsteinvik. Han var ikkje så god i fotball som resten av Ulsteinviks befolkning. Boka Bjartmann, som inkluderer fleire historier og eit subplott om ein supervulkan under Ulsteinvik, har ingenting med oppveksten hans å gjere.

Skaff boka frå kafeen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.